Eg hadde etter ivrig oppfordring frå Griseputtens venner, bestemt meg for at dette var ei perle som eg ikkje kunne ha uoppdaga. Dette skulle visstnok vere ein heilt magisk plass, som låg langt utanfor allfarveg. Rykta skulle ha det til at man måtte vike vekk frå den opptråkne sti, for å faktisk nå fram til denne fantastiske putten.
Eg hadde ikkje så mykje erfaring med skigåing i marka, då eg rett nyleg hadde gått til innkjøp av eit par flotte felleski. Men hadde jo vore mang ein tur over Gamleeidet, så tenkte at dette var ei utfordring eg ville ta på strak arm.
Ivrig som eg var kjørte eg av garde allereie 09:30, fast bestemt på å nå den sagnomsuste Griseputten. Destinasjon var parkeringsplassen ved Solemskogen, der eg kasta meg på skia og suste av garde. Ca 300 m møtte eg på første hinder, nemleg eit kryss. Eg hadde fått ei kort innføring i kva retning eg skulle gå, men pga dårleg hukommelse og verdens dårlegaste retningssans, så var eg rådvill som få. Men hjelpa var ikkje langt unna! Eg sendte ein hysterisk snap til coachen mine (aka Dahl), som var raskt på pletten. Han informerte meg om at eg skulle gå i retning Lilloseter.
Svooooosj, så suste eg av garde igjen. Eg hadde fått beskjed om at det var rett fram, heilt til eg kom til ein nedoverbakke, der eg skulle ta inn til venstre etter den. Var litt ivrig i nedoverbakken så suste rett forbi, men fekk snudd og kome meg på rett veg. Føret så langt hadde vore tipp topp, og eg var optimistisk.
Innover mot Griseputten var det derimot ikkje like bra. Det var svært isete, og ikkje ei sjel i sikte. Nå har eg heldigvis Samsung, så mobilbatteriet var ikkje noko problem. Eg hadde ikkje aning om kor langt eg skulle, men også denne gang var ikkje hjelpa langt unna. Eg tok ein kjapp status med coach, og fekk beskjed om at det var ca 2 km frå vegskiljet.
Motet sank litt når eg kom til ein skikkeleg monsterbakke. Problemet var ikkje så mykje å komme seg opp, men tanken på å komme seg ned igjen på knallhardt isføre. Såg for meg diverse brukne bein, og ein New York tur som ville gå rett ut vindauget. Kjente at motet sank litt. Men var også fast bestemt på å nå denne putten. Motto: Det er aldri greitt å snu!
Etter eit lite stykke, så såg eg noko openberre seg. Det var intent mindre enn Grisputten! Det var heilt fantastisk, og levde virkelig opp til forventningane. Men det var med ein bismak, eg skulle jo også tilbake.
Etter å ha nytt utsikta nokre minutt, så var det på tide å komme seg heim.
Eg kom til den første av fleire hinder, og ved eit mirakel kom eg meg heilskinna ned. Det gjekk toleleg greitt, heilt til eg kom til den siste bakken, som eg er ganske sikker på var 20% helling.
Eg tryna to gonger, og var sikker på at eg kom til å ende med både eitt eller fleire brukne bein. Men igjen så gjekk det greitt.
Resten av turen var ein dans på roser. Helste på folk på vegen, og fekk gjort litt Forest Meditation.
Ein tur til Griseputten kan verkeleg anbefalast, det blir ikkje lenge til eg skal tilbake iallfall!



Kommentarer
Legg inn en kommentar